Tenkte det kanskje var på tide å seie ifrå.

 

Grunnen til at eg ikkje har posta noko her på mange, mange dagar, er fordi eg faktisk følar meg så uinspirert når eg skriver på norsk. Så med det i tankane, har eg starta opp ein ny blogg - som er skrevet på engelsk. No har eg bytta plattform i tillegg, så dykk kan finne meg på www.fhlorest.wordpress.com (link). Eg veit ikkje heilt kvifor det er slik, men eg følar eg uttrykke meg betre og generelt sett blir meir fornøgd med tekstane mine når eg skriv på engelsk. Det blir fortsatt det same innhaldet, men dinna gangen med høgare kvalitet.

 

//privat - dette biletet tok eg faktisk i dag! Ditta + nokre andre er publisert på den nye bloggen :-)

 

Det er ikkje så alt for lenge sidan eg starta opp den nye bloggen, så så langt er det berre to innlegg ute. Også har eg funne fram speilrefleksen min igjen, så no blir mesteparten av iPhone bytta ut med bilete med høgare kvalitet. Ganske greitt! Så eg håpar dei som har lest bloggen min så langt, fortsetter på den nye - sjølv om den blir på engelsk ♥

 

EDIT: Dette er altså mitt siste innlegg på denne bloggen.

 

 

Lots of love, Julie.




 

Skal eg vere heilt ærleg, så har det ikkje skjedd noko nemneverdig iløpet av dei siste par dagane. Alt har gått i kjente spor, og på grunn av det har det ikkje vore noke spesielt fristande å skrive noko her når det ikkje er noko spennande å nemne. Visst eg ikkje finne det interessant, så tvile eg svært på at dåke gjer det. Men eg har tenkt på bloggen då. Tenkt på kva eg kan gjere for å gjere det litt gøyare for både meg og dei som leser og sjekker innom kvar einaste dag (setter forresten enormt pris på det - er så gøy å vete at folk er interessert i det eg skriver/publiserer ♥).

 

I morgon, mest sannsynleg, skal vi endeleg begynne å male leilegheita. Vi har funne maling, grunning og, som eg har nemnt, fått alt av malekostar og papp til å dekke golvet med. Eg gleder meg skikkelig, for har alltid vore så glad i å male - blir nesten som ein liten tur tilbake til barndommen. Berre at no er lerretet eitt stort rom, haha.

 

 

No blir det å farge augebryna, lage meg noko mat for å så starte med Monday Music Love. Gjerne kommenter om det er noko spesielt dåke har lyst til å lese om på bloggen min; enten om det er samlinga mi med leppestiftar, bøkene mine (som eg har ein del av) eller ein Q&A med Mathias, eller nokre challenges, som då mest sannsynleg hadde blitt filma. Sei ifrå - ingen idéar er for dårlege :-)

 

Have fun, Julie.

 






 

Det er rett og slett det kulaste solbrillane eg nokon gong har eigd. Skal definetivt gjere mitt beste for å ikkje øydeleggje eller få ripe i dei! Så tusen takk til svigermor! Kjem til å bruke desse så fort eg får ein unnskyldning til det.

 

Og det er ikkje berre på grunn av solbrillane at eg er så fornøgd i dag - Mathias og eg har endeleg kjøpt vår første steikepanne! Følte oss sjukt voksne då. Kan ikkje akkurat sei det var eit spennande kjøp, for heile greia var over på mindre enn 5 minutt og det er tross alt berre ei steikepanne, men ja.. No har vi også fått alt av malingsutstyr på plass - einaste vi manglar no er sjølve malinga og grunning! Gleder meg til å få malt leilegheita og plassert nokre grøne plantar rundt om i den lille leilegheita vår.

 

På tide å legge seg, Julie.




 

Eg hadde eigentleg planar om å skrive her før eg begynte på reisa mot Oslo, men plutseleg var tida ute og eg måtte hoppe i bilen for å rekke flyet. No sitter eg i leilegheita igjen med Mathias, og så langt har vi prata hól i hovuda på kvarandre og ete coco pops. Sjølv om det var så trist å reise frå familien, så er det samtidig ganske godt å komme tilbake til den lille leilegheita vår. No blir det å lese mine faste bloggar, pakka ut av bagen og så gjere seg klar til å legge seg.

 

Processed with VSCO with a6 preset

 

Processed with VSCO with hb1 preset

 

Mathias hadde også med seg ein julegåve til meg frå svigermora mi (bitte-litt forseinka), men ventetida var vél verdt det! For å seie det slik - eg kjem aldri til å slutte å bruke det eg fekk. Skal ta bilde i morgon når eg har betre lys!

 

Sweet dreams, Julie.

 




 




 

Eg har ein liten tilståelse; eg har aldri sett den siste Harry Potter-filmen. Inntil i går. Eg har alltid vore ein fan av filmane og eg eige til og med eit Ravenclaw-skjerf som eg brukar relativt ofte. Men ettersom eg var så seint ute med å få sett filmen, så var det ingen som ville sjå den med meg då eg hadde tid. Så tida gjekk, sesongane passerte og eg fekk aldri sett filmen. Men no - no har eg endeleg sett den. Herregud, så intenst det var! Om eg var fan før, så er eg fan x1000 no.

 


 

 

Klokka har akkurat passert 07 om morgonen og eg har knapt sove i natt. Bortsett frå den eine lille siestaen eg tok i sofaen for nokre timar sidan. Dei siste par dagane har jo døgnrytmen min vore heilt tullete (for dei som leser bloggen min fast er dette neppe ein overraskelse), så då skal eg prøve å døgne i dag for å så legge meg relativt tidleg. Den samme planen har jo slått feil så mange gange før, men no er eg fast bestemt på å få gjennomført det. Tiden vil vise om det vil fungere eller ei. No blir det å innta litt mat og ein stor kopp kaffi - så får vi sjå korleis det går.

 

Du er håpløs Julie.

 

 

 

 




 

Innsåg nettopp at eg ikkje posta noko monday music love for ei veke sidan. Shit. MEN - eg tar det igjen med å dele nokre sangar som eg er litt gira for å dele med dåke. Eg trur eg trygt kan sei at Allan Rayman og Awon er ein av mine favorittartistar denne veka (og den som var). Ellers har eg blitt ganske glad i musikk utan vokaler i det siste. Er så undervurdert, og rett og slett beroligande å høyre på. Spørst sjølvsagt kva for ein sjanger, men hovudsakleg.

 

 

 

 

 
 
 
 


 

I dag blir det å spele Wii med ho som var på besøk i Oslo for litt sidan, for å så finne på noko tull med ein liten gjeng seinare på kvelden.

 

God påske, Julie.




 

I natt blei eg sittande oppe til klokka 05:00, berre fordi ein av Ringenes Herre-filmane gjekk på TV. Visst ein av dei filmane blir vist, så ser eg på den til den er ferdig! Blodfan altså. Så då eg slokna hadde eg intensjonen om å stå opp klokka 11 uansett, berre for å ikkje kødde til døgnrytmen så alt for mykje. Men det var fortare sagt enn gjort, for eg våkna 3 timar seinare enn planlagt.

 

Processed with VSCO with t1 presetProcessed with VSCO with t1 preset
Eg veit ikkje kvifor, men eg elskar vêret her.. Mørkt, mykje vind og mykje regn. Koselig!

 

Så no sitte eg her og ifølge "regelen" (vere oppe i 16 timar, sove i 8) skal eg legge meg klokka 06, men det rotar jo berre til alt endå meir. Eg håpar at Sandmannen kjem og kastar sand i auga mine lenge før då, men eg veit ærleg talt ikkje om eg skal døgne eller kva eg skal gjere, haha.

 

No fekk eg nettopp melding av eine bestevenninna mi om at ho og kjærasten hennar kjem på besøk, så då får eg sosialisert litt utanfor familien i dag óg. Så no blir det å runde av innlegget og eg håpar dåke får ein super kveld vidare! Nyt ferien ♥

 

 

Skal eg lage meg kaffi? Julie.

 

 




 

 




 

Tok meg ein pause frå blogginga, tydelegvis. Å komme seg vekk frå byens kjas og mas, har virkelig gjort noke med humøret. Eg er meir avslappa, rolig og tar livet så sakte som mogleg. I dag har vi fått besøk av familiemedlemmer som vi ikkje har sett på fleire år, og eg blir alltid like overraska over kor mykje små barn kan endre seg på det, som virker for meg, veldig kort tid.

 



 

Snart vender eg snuta ned mot Oslo igjen. Det gjenstår fortsatt å bestille flybillett og å pakke bagen min, men det er gjort på 5 minutt, så det er ikkje noko eg trenge å stresse med. Etter ein kjapp titt på mobilen min innsåg eg at eg ikkje har tatt nokre bilete mens eg har vore her på den vakre heimstaden min. Vanlegvis pleier eg å fylle mobilen min med bilder med alt frå samankomstar, natur og tilfeldige/koselige augeblikk i kvardagen kvar gang eg er her, men denne gangen har eg ikkje tatt eit einaste eit. Det følast som om eg berre har vore her i 1 dag, men 4 dagar har snart passert.

 

 

Men det blir godt å komme heim til Mathias ♥



 

 

Snakkast snart, Julie.

 




 

I går kveld fekk vi overnattingsbesøk heilt ut av det blå, så kvelden gjekk bort til prat, gaming, tøys og tull. Det kan faktisk hende vi får to til på overnattingsbesøk seinare i dag, så er litt spent på korleis det kjem til å gå plass-messig. Men men, ein får det aller meste til med ein positive attitude!

 

Mens eg surfa rundt på internetten i går, så fant eg denne lista på ein eller anna random nettside som eg ikkje hugsar namnet på. Eg synst dei var ganske praktiske å vete, så tenkte å dele dei med dåke! Synst det er så kjekt å lese slikt, tenke over det, for å så skjønne logikken bak. Eg plukka ut favorittane mine blant alle dei eg leste, så håpar dåke like innlegget. Gjerne skriv i kommentarfeltet om dåke har nokre fleire tips å dele!

 



 

 

1. CONFRONTATION

Visst du har ein mistanke om at ein person kjem til å kjefte på deg iløpet av eit møte, sett deg rett ved sidan av personen. Det er ekstremt kleint å snakke dårleg om ein person når du sitte ved sidan av personen det er snakk om. Ingen har lyst til å sitte ved sidan av nokon dei har snakka dårleg om, så dei kjem til å vere litt snillare mot deg!

 

2. THE INFORMATION GETTER

Ønsker at vennen din skal opne seg opp til deg? Spør h*n eit spørsmål, og visst h*n berre delvis svare på spørsmålet, holdt augekontakt og ikkje sei noko på nokre sekund. Dei vil vanlegvis fortsette å snakke, kanskje litt irriterte, men dei vil fortsette å snakke.

 

3. THE CONVERSATION CONDITIONER

For å ha det litt gøy med ord; velg eitt ord som personen du snakkar med seier relativt ofte og kvar gang det blir sagt, smil, nikk eller gje ein eller anna form for positiv tilbakemelding kvar gang det ordet, eller eitt som ligner, blir sagt. Dei vil då begynne å sei ordet oftare.

 

4. BUILD ATTRACTION

Pass alltid på at du har ein varm hand når du skal handhelse på nokon. Det virkar mykje meir imøtekomande enn ein kald hand. Noko du også kan gjere når du treffer ein ny person, er å herme etter kropsspråket og holdningen deira. Det bygger tillit og får det til å virke som om dåke passer betre saman.

 

 

5. SANG PÅ HJERNEN?
Har du ein sang på hjernen som du så gjerne vil få ut? Tenk på slutten av sangen. I følge Zeigarnik effekten, så pleier tankane dine å fokusere på ting som ikkje er ferdige, så det å tenke på slutten av sangen vil få slutt på sirkelen og etterkvart vil sangen forsvinne.

 

6. KORLEIS FÅ NOKON TIL Å BLI EINIGE MED DEG

Når du spør nokon eit spørsmål, få dei til å bli seie ja eller bli einige med deg ved å nikke på hovudet ditt mens du stille spørsmålet. Det får personen til å tru at det du seier er sant og at dei burde nikke "ilag med deg". Vi er tross alt flokkdyr.

 

7. THE STALKER DETECTOR:

Har du følelsen av at nokon ser på deg, men du er ikkje heilt sikker? Prøv å gjespe og deretter sjå på personen du mistenker. Visst personen gjesper, så veit du at personen ser/har sett på deg, ettersom det er smittsomt.

 

8. THE PATH FINDER

Skulle du ønske at du berre kunne klarere Oslo S på eitt blunk? I folksomme områder, sjå i retninga du skal bevege deg i og sjå vegen klarne seg opp. I hektiske områder og folksomme gater, så pleier folk å sjå i auga til kvarandre for å finne ut kva for ein retning ein bevege seg i, berre for å kunne gå ein anna rute.

 

9. THE BROCCOLI TRICK

Visst du ønsker at barna dine åt meir brokkoli, spør dei om dei ønsker 2 eller 5 bitar med brokkoli, i staden for å spørre om dei har lyst på det i det heile tatt. På denne måten har du allereie tatt valget for ungen, men de føler at dei kjem bra ut av det ettersom valget av antal bitar av brokkoli var opp til dei. Du kan bruke dette trikset i andre situasjonar også.

 



 

 

10. THE PATERNAL WISDOM

Visst du vil at personen du snakkar med skal ta rådet ditt seriøst, sei at det er noko som du lærte av faren din. Folk trur automatisk på fatherly advise. Sjølvsagt aldri greitt å lyge, men kan vere ein grei måte å bli tatt litt meir seriøst på.

 

11. ROCK PAPER SCISSOR

For å kunne vinne kvar omgang med stein, saks, papir, still alltid eit spørsmål rett før dåke begynner. Visst du spør, start med ein gang etterpå med "stein, saks, papir", så vil dei nesten alltid gå defensivt å velge saks. Sorry Mathias, har brukt dette trikset mot deg fleire ganger.. eheh. There's a reason I always win! ♥

 

 

 

You're welcome, Julie.

 

 




 

Klokka er no 18:20 og eg innsåg nettopp at eg har kasta vekk 2/3 av dagen på absolutt ingenting. Eg kunne ha pakka kofferten til når eg skal reise på tirsdag. Eg kunne ha vaska opp på kjøkkenet. Eg kunne vertfall gjort noko med bloggen.. men neida. Eg har berre lege i senga og sett på Modern Family, sippa på flaska mi med vatn og ledd i mitt eige selskap. Ugh. Mathias sa ifrå då han reiste på jobb kor fint vêr det var ute og at eg berre måtte gå ut. Skreiv tilbake "ooh, nice!" med intensjonen (der og då) om å gå ut ein liten tur berre for å kjenne sola på kroppen. Fekk ikkje gjort det. No er sola gått ned, så er litt seint for det. Men er fortsatt ikkje for seint å få gjort det som eg skreiv for nokre linjer sidan! Mathias skal jaggu ikkje få komme heim att til ein leilegheit som var like rotete som då han reiste.

 

Så då er det berre å ta på seg vaskehanskane å få starta.

 

 

Sjølv om det er mykje meir fristande å bli liggande her.

 


No more lazy days, Julie.

 




 

.. Venter ikkje forgjeves!

 

Det stemte godt med i går vertfall, for dåke veit det bordet eg fortalte om i forje innlegg? Vell, vi fekk det alikevel! Den personen som eigentleg skulle få det møtte aldri opp, så då gjekk det til nummer 2 i rekka. No har vi endeleg fått eit middagsbord i stova, så blir så sjukt godt å få eit bord å ete ved. Riktignok måtte eg transportere det på bussen, aleine, ettersom Mathias måtte få med seg kampen mellom Arsenal og Barcelona, men det var så verdt det (bordet er ikkje tungt, så var ikkje noko problem uansett). Det er akkurat slik som eg forestilte meg, så no kan eg endeleg slappe av angåande det.

 

Processed with VSCOcam with x1 preset
Slapp av, skjorta er ikkje til dekorasjon, haha!
 

Om nokre timar får vi besøk av ei barndomsvenninne av meg. Sist gang vi såg ho var på nyttårsafta, trur eg, så blir utruleg koseleg å sjå ho att! Etter det blir det jobb, så er nok ikkje heime før seint i natt. No er det på tide å få i seg litt mat, innta ein stor kopp med kaffi for å så få på meg sminke og ordne meg, slik at eg ikkje ser så alt for ufresh ut når vi får besøk.

 

Håpar dåke får ein fin dag!♥ Julie.




 

Herregud, så lenge vi låg i senga i dag.. Trur klokka vart tre før føttene våre berørte golvet. Men det er godt med slike dagar iblant, der ein berre ligge i senga i fleire timar, snakkar og ler av teite bilder på mobilane våre. No har vi heldigvis fått gjort litt; gått ned til vaskeriet og satt på dagens første klesvask, drukket ein kopp med kaffi kvar og sortert neste klesvask. Så slepper vi å ha så dårleg samvittigheit for det faktum at vi blei liggande så lenge som vi gjorde.

 

Alt er som vanleg i dag; Mathias og eg sitter på kvar våras pc i fanget, Tame Impala kan høyrast i bakgrunnen og vêret er vakkert i dag òg. Eg var forresten så nærme ved å finne det perfekte middagsbordet for den lille leilegheita vår, men eg var for treig, så den var allereie vekke. Nedtur. Men håpet brenner sterkt fortsatt, og som dei seier - den som venter på noko godt, venter ikkje forgjeves.

 

 

Det vart ikkje noke av spaserturen vår i går, men ettersom begge to har fri i dag òg (men ingen av oss føler for å gjere noko som er fysisk krevande), så blir det nok berre ein dag der vi koser oss innendørs, lager noko god mat og berre slapper av. Kan hende vi blir litt spontane å finne på noke, men det tar vi som det kjem. Er ikkje nødvendig å stresse, når det er ingenting å stresse over.

 


Ta livet med ro, Julie.

 




 



 

Her ser dåke grunnen til kvifor dåke ikkje høyrde meir frå meg i går - nye møbler! Både lampa og benken skaffa vi oss gratis og det er så tilfredsstillande når de ser så bra ut i tillegg. No manglar det berre å få TV'en og bøkene mine hit, så er det området så godt som klart. Forestiller meg å sette nokre grøne plantar enten ved siden av eller oppå, men får sjå kor mykje plass det blir til overs. Gleder meg så mykje til vi får resten av møblane på plass, men er fortsatt gøy å sjå at det kjem litt og litt.  Dåke kan også sjå at vi har tatt til nytte av appelsin-tilbodet som er på mange dagligvarebutikkar dei siste par dagane. Skal eg vere heilt ærleg, så trur eg faktisk at eg likar frukt og grønt betre enn godteri.

 

Vêret i Oslo er såå fint i dag, så Mathias og eg har snakka om å kanskje ta turen til ein strand som tydelegvis skal vere i nærheita her. Vi har aldri sett den med våre eigne auge, men er alltid kjekt med litt eventyr. Har dåke nokre planar for dagen?

 

 

We got two new pieces of furniture yesterday! They were free and it's another plus that they look so good as well. Now we just have to get the TV and my books, then that area is as good as done. I can't wait to get more furniture to decorate the apartment, but it's still fun to see it come piece by piece. The weather in Oslo is crazy beautiful today, so Mathias and I are considering to walk to a beach that is supposedly somewhere close. We've never seen it, but what the heck, it's never a bad thing to have a little adventure.

 

 




 

God ettermiddag! I dag er eg i eit usedvanleg godt humør og har allereie bestemt meg for å få gjort mykje. Kanskje til og med begynne å male vinduskarmane her i leilegheita? Det er kanskje litt ambisiøst, men skitt au. Er ikkje noke gale med å sikte litt høgt! Men fram til eg får den late rumpa mi i gang, så blir det å sitte på sofaen, oppdatere seg på sosiale medier og høyre på musikk. Og sjølvsagt oppdatere dåke med mine siste funn.

 


Denne sangen er såå god å trene styrke til!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 




 

A Sunday well spent, brings a week of content.

 

Eg har den gode søndagsfølelsen i dag, så vi har starta dagen (litt seinare enn ein kanskje burde) med ein kopp kaffi med ein sjokoladebit på sida. Nam! Skal sjølvsagt ete noko skikkeleg mat seinare, men ettersom matlysta ikkje er noke å skryte over heilt endå, så ventar vi litt med det. Både Mathias og eg har fri i dag, så vi trur at vi berre kjem til å slappe av i leilegheita vår, ete mat og gjere kva enn vi følar for.

 

 

Fram til då blir det å sitte her på sofaen og gjere kvar våras greie. Mathias sitter å ser på ein kamp mellom Arsenal og Watford (fortsatt 0-0) og eg sitter her å skriver. Snart kjem eg nok til å gå over til å spele eitt eller anna spel, men akkurat no drømmer eg om å ta meg eit godt, varmt bad, noko som hadde vore perfekt på ein dag som denne. Men ettersom det alternativet ikkje er tilgjengelig, kjem eg til å gjere opp for det med å ta meg eit lite mini-spa! Ta på ny neglelakk, smøre meg inn med ein god fuktigheitskrem for å deretter drikke ein stor kopp med grønn-te.

 

Virtual hugz, Julie

 



 




 

annonse



 


Her er endeleg vlogen om ansiktsmaska! Dette er det første produktet eg har fått sponsa, så var veldig kjekt å gjere noko nytt :-) Men heilt ærleg talt, så er dette den beste ansiktsmaska eg har prøvd! Sidan eg tok den, så har eg fått kompliment på at huda mi gløde og kor mjuk den er - noko som den verkeleg er. Den var enkel å påføre og enkel å fjerne.

 

Kort fortalt:

  1. Påfør maska med penselen.
  2. La den virke i 30-45 minutt.
  3. Dra masken forsiktig av ansiktet.

 

Før eg takka ja til å få tilsendt produktet, så gjorde eg sjølvsagt litt undersøking av produktet. Hovudingrediensen er djuphavsleire, det er ikkje dyretesta og lover resultat etter allereie 1. behandling. Den har holdt løftet sitt og eg er imponert! Den tar med seg alt av skitt på/i huda og det kan ein sjå på baksida av maska når ein tar den av, haha.

 

 

Dåke får også ein rabattkode! Bestill face masken din hos MayBeauty og bruk koden jshfacemask30 (trykk på koden for å aktivere) for å få 30% av bestillingen din :-) 




 

I dag har eg berre slaska på sofaen i heile dag, utan å gjere noke spesielt. Så ettersom eg ikkje har noke interessant å dele med dåke om dagen min, så velge eg å dele denne lista. I morgon skal eg opp kriminelt tidleg (må stå opp klokka 06:00), så eg må faktisk legge meg om berre 30 minutt, om eg skal få mine 8 timar med søvn i natt. Men men.
 

3 ting eg gler meg til
☞ å begynne å trene igjen. Ser fram til å få energioverskudd! + ein god unnskyldning til å ete meir mat enn vanleg, hehe.
☞ Når leilegheita er ferdig malt og vi har fått på plass alt av møblar. Kjem til å bli så fint og koseleg, sjølv om leilegheita er så lita.
☞ Dette er kanskje litt langt fram i framtida, men når eg får meg eit bra filmkamera som eg kan videoblogge med! Kjem til å gjere ein god del med research før eg bestemmer meg for akkurat kva for eit eg skal ha.

 

3 ting eg er redd for
☞ Å skrive ærlige tekstar som lar folk bli kjent med meg.
☞ At livet fortsette framover, uansett om eg vil eller ikkje.
☞ Konfrontasjonar.

 

3 ting eg likar
☞ Å legge meg i senga i nyvaska sengetrekk, rett etter at eg har dusja.
☞ Å ha tilgang til alt eg ønskar av mat. Er så godt å ha mykje forskjelleg å velge mellom!
☞ Å lage mat. Aller mest om det er til andre enn berre meg.

 

3 ting eg ikkje likar
☞ Fulle ungdommar.
☞ Folk som er sure og lar det gå utover andre som ikkje har noke med saken å gjere.
☞ Edderkoppar. Takk gud for at eg har Mathias til å handtere den avdelinga.

 

3 ting eg vil
☞ Få malt leilegheita.
☞ Ete på ein ny plass i Oslo, med Mathias. Elsker å smake ny mat!
☞ Rydde klesskapet og donere vekk det eg ikkje brukar lenger.

 

3 ting eg burde
☞ Kjøpe nye fuktigheitskremer. Har brukt ein del, ettersom lufta er så tørr i Oslo.
☞ Sortere alt vi har alt ting og tang i leilegheita. Likar ikkje å ha så mykje smått rundt meg som berre ligger i vegen eller som ikkje passar inn.
☞ Lese dei bøkene på bokhylla eg ikkje har lest endå.

 

3 ting eg kan
☞ Lage skillingsbollar.
☞ Planlegge og ha ein oversikt over alt som skjer i næraste framtid, til punkt og prikke.
☞ Eg er ein jævel på å navigere (altså veldig flink). God retningssans hjelper ein del.

 

3 ting eg ikkje kan
☞ Vere tålmodig når det kjem til slike små ting i kvardagen, som å gå på butikken.
☞ Legge neglelakk skikkelig på den høgre handa mi, utan å grise. Heilt umogleg.
☞ Å gjere meg klar i tide. Er alltid tidsnok til viktige ting, men når det ikkje er så alt for viktig, så har eg ein tendens til å ta meg litt for god tid (til Mathias sin store irritasjon).

 

3 ting eg har i hovudet
☞ Eg har faktisk vurdert å ta meg nokre tattoos! Eg har ikkje sett nokon andre gå med akkurat de eg har i tankane, så fram til det eventuelt skjer, så forblir idéane i hovudet mitt.
#hipster4lyf
☞ Må kjøpe nye sokkar!
☞ Har så lyst til å lære meg å like avokado. Klarar ikkje å bestemme meg om eg likar det eller ikkje. Konsistensen er litt for rar. Følar eg ete smør..

 

3 ting eg snakkar om ofte
☞ Interiør til leilegheita vår. Det er ein prosess når ein må skaffe alt sjølv!
☞ Plassar rundt om i verda eg vil/skal besøke ein dag.
☞ Håp og ønsker om framtida.

 

3 ting eg ønskar meg
☞ Heilt kvite Nike Air Max. Ser såå komfortable ut.
☞ Smoothieblender.
☞ Ein god og varm vinterjakke. Det trengst!

 

3 ting eg blir rolig av
☞ God mat.
☞ Godt selskap.
☞ Når alt går som det skal.

 

3 ting eg blir stressa av
☞ Pengar og rekneskap.
☞ Når eg kjem heim etter ein lang dag og må eg legge meg med ein gang.
☞ Å ikkje gjere noke.

 

3 ting eg skal gjera i helga
☞ Kose meg med Mathias og bingewatche Modern Family (for 124395 gang).
☞ Lage ein god frukost. Kanskje lage scones.
☞ Drikke nokre glas med rødvin (Mathias, kva seier du??).

 

3 ting eg har gjort den siste veka
☞ Jobba.
☞ Prøvd å finne det perfekte middagsbordet. Still no luck! Veit det finst der ute ein plass.
☞ Vore flink og organisert alt i leilegheita mens Mathias var på jobb.

 

God natt ♥

 

 




 

God ettermiddag! Eg har nettopp satt meg ned i sofaen, etter å gått på kjøkkenet for å ordne meg ein stor kopp med kaffi og tre knekkebrød med smør og banan på. Med handa på hjartet kan eg sei at akkurat dei to tinga er på top 10 breakfast-food-lista mi. I dag skal eg på jobb, men starter ikkje før klokka fem, så har fortsatt litt god tid. Så fram til då blir det å vaske litt, ta på meg sminke og dra innom jobben til Mathias før eg deretter hopper på bussen mot jobb.

 

 

Som eg skreiv i innlegget i går, så skulle eg prøve ut ein ansiktsmaske eg fekk tilsendt i posten. Og herregud, så bra den er! På bildet over her ser dåke meg rett etter at eg hadde våkna. Uredigert og utan sminke. Eg vlogga mens eg tok maska i går, så eg kjem til å begynne å redigere på det når eg kjem heim frå jobb, som mest sannsynleg blir ganske seint. Men no må eg nesten begynne på to-do-lista mi før tida drar frå meg, så vi snakkast!

 



 




 

Denne gangen seie eg hei ifrå ein ny sofa! Det er litt av grunnen til kvifor det ikkje kom ut noke innlegg i går; måtte reise å plukke opp sofaen, få den hit, dra den opp trappane i blokka vi bur i for å så montere den saman igjen når vi kom inn i den lille leilegheita. Også fekk vi jo hjelp av ein kompis, så når alt arbeidet var ferdig, satt vi oss i den nye sofaen og prata ein god stund. Alt i alt, så var det ein ganske fin dag i går.

 

Eg må virkelig skjerpe meg når det kjem til å sovne med sminke på.. Stakkars huda mi :⊂

 

No skal eg ta å gjere litt pilates på stovegolvet, for å så ta ein god, varm dusj. Eg kjem deretter til å prøve ein ansiktsmaske eg fekk i posten for eit par veker sidan. No har eg ikkje fått skrubba ansiktet på ca. ei veke (pluss vore sjukt slapp på å fjerne sminke), så då blir det desto kjekkare å sjå forskjellen! Veit ikkje heilt kva eg forventer, men det er vell derfor ein skal prøve slikt ut.

 

Korleis har dagen din vore så langt?

 




 

Glemte nesten at det var mandag igjen, men her er vekas monday music love! Mathias er på jobb som vanleg, så eg sitter eigentleg berre heime å kjede meg. Så langt i dag har eg skrevet det innlegget eg publiserte tidligare, sett på Imgur i fleire timar (so much time wasted), rydda + støvsugd og videoblogga litt til dykk. Kjem til å fullføre idéen om å filme litt kvar dag og etter kanskje 3 dagar kanskje lage eit "samandrag". Så blir det litt meir innhold!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Men som eg har nemnt tidligare, gjerne sei ifrå om det er ein spesiell type sjanger dykk har lyst til å høyre meir frå, så skal eg gjere ein ekstra innsats for å finne musikk eg likar innanfor det :-)




 

Denne gangen tenkte eg å skrive om noko litt meir annerledes. The First Date-tag handler rett og slett om det; den første daten og tankane rundt det. Ein av YouTuberane som eg følger, Clothesencounters, lagde ein video med denne tagen for leenge sidan og eg såg den først no. Så ettersom eg kjeder meg litt, så tenkte eg å berre køyre på med denne her!

 

1. Kor lang tid bruker du på å gjere deg klar?

Det spørst om eg har dusja tidligare, men visst ikkje, så vil eg tippe at eg kanskje hadde brukt rundt 1 time. 20-30 minutt på å dusje, så kanskje 10 minutt på å reflektere på kva eg skal ha på meg, sminke og korleis eg skal ha håret, så dei resterande på å sminke meg og style antrekket.

 

2. Kva meiner du er den perfekte date?

a) Middag.

b) Drinks.

c) Kino.

d) Gå ut å gjere noko litt meir spennande.

 

Eg er litt klisjé når det kjem til dates, for eg hadde nok gått for ein kombinasjon av kino og middag (i den rekkefølga). Eg elskar å gå på kino, og visst ein ikkje kjenner så veldig godt den personen ein går på date med eller er litt klein når det kjem til slikt, så er det å gå på kino først ein god oppvarming. Ein rekker å bli komfortable i kvarandres selskap og ein får letta litt på presset med å ha noke å prate om heile tida. Pluss, visst ein reise på kino først så middag, så har ein eit tema å snakke om under middagen!

 

3. Kva ville du ha gått med?

a) Olabukser

b) Bukser

c) Skjørt

d) Kjole

 

Igjen, det spørst. Visst ein skal på kafé eller ein heilt vanleg, ikkje spesielt fancy plass, så hadde eg nok gått for ein vanleg bukse og kanskje ein litt fin overdel. Men visst planen hadde vore å reist på ein fin uteplass for å ete middag, så hadde det blitt kjole!

 

4. Korleis ville du ha sminka deg?

a) Girl next door

b) Smokey and sexy

c) Bold lip

d) Brights

 

Personleg hadde eg nok gått for ein litt meir nedtona sminke-look den første daten, berre for å ikkje gje karen falske forhåpninga om korleis eg ser ut, haha. Så kanskje ein litt oppgradert versjon av girl next door, med litt augeskygge for å skape litt kontrastar. På den måten hadde eg fortsatt sett naturleg ut, men fortsatt frisk og pynta.

 

5. Daten din seier du har 30 minutt på å gjere deg klar. Kva gjer du?

Ugh, eg hadde nok blitt sjukt stressa (for eg hate å bli fortalt at eg har dårleg tid), men eg hadde nok gjort det beste ut av det; kasta på meg litt sminke, hoppa inn i eit passande antrekk og sprunge ut døra. Hadde blitt litt halvveis, men pytt pytt!

 

6. Daten din spør om regninga. Du..

a) Tilbyr deg å betale - med intensjon om å betale.

b) Tilbyr deg å betale - med ingen intensjon om å betale.

c) Forventer at han betaler.

 

Dei gangane eg har vore på date, så har eg gått dit med intensjonen om å betale for min eigen mat. Eg vil ikkje at nokon skal få det for seg at dei må betale for meg, fordi eg veit jo ikkje kor den personen er økonomisk sett. Men la oss sei at personen fortsatt hadde insistert på å betale etter at eg hadde insistert på å betale for meg sjølv 2-3 ganger. Då ville eg ha latt det gått, for eg vil ikkje starte ein rar diskusjon over noke sånt. Og eg skal ikkje lyge, det følast fint å bli spandert på!

 

7. Vil du gå ut med han igjen?

Visst kjemien er bra, samtalane flyte lett og eg har hatt det gøy, sure! Men visst det følast som om samtalane blir tvunge fram og det ikkje er så spesielt god stemning under heile daten, så måtte eg nok ha takka nei til date #2, uansett om han hadde spandert middag eller ikkje.

 

8. Det er på tide å seie hadet. Du liker daten din veldig godt. Når dere skal skilles..

a) Vinker du.

b) Gir han ein klem.

c) Kyss på kinnet.

d) Lite kyss på munnen.

e) Ein skikkelig smask.

 

Hadde eg likt daten, så hadde eg nok holdt meg til å gje han ein god klem. Hadde eg virkelig likt daten, så hadde han fått ein klem og eit kyss på kinnet. Eg synst det er gøy å halde det uskyldig så lenge som mogleg! Blir betre fokus på sjølve selskapet og alt i alt så ender det nok opp med å bli betre kjend med kvarandre. Noke som er heile poenget med å gå på dates, haha :-)

 

Bilde frå ein av dei første datane med Mathias ♥ Visst eg ikkje hugse heilt feil, så var dette rett etter at eg hadde deltatt i eit fashion-show, noke som forklarer den dramatiske sminka og håret.

 

Håpar dette innlegget falt i smak! Eg hadde det vertfall gøy med å svare på alle spørsmåla. Gjerne svar på spørsmåla sjølv i kommentarfeltet eller sei din meining om det kontroversielle spørsmålet "kven skal betale for maten?". Har skjønt at folk har ganske ulike meiningar når det kjem til det spørsmålet.

 

Ellers håpar eg dykk får ein superfin dag! xoxo





Ugh, vi er litt små-dårlege i dag, men det er verdt det, for vi hadde det såå gøy i går! Herregud. Så gøy hadde vi det faktisk, at eg gløymde heilt å ta bilde iløpet av kvelden. I dag har vi kost oss med take-away burgar, cola og Modern Family i senga, med nap-intervallar heilt sidan vi kom heim. No skal vi nok snart legge oss til å sove (igjen), så ein kan ikkje akkurat sei at vi har vore så produktive i dag. Men det er godt å ha slike dagar ein gang i blant; fast food og slacking heile dagen.

 


 

I morgon har eg fri frå jobb, så for å ha noke å gjere, så tenkte eg å vise dykk leppestift-samlinga mi! Har samla opp ein del fargar over ein god periode, så då har eg noke å gjere på mens Mathias er på jobb og dykk har noke å lese på. Men no er det nesten på tide å hoppe i loppekassa, så vi snakkast i morgon! Håpar dykk har hatt ein kjempe fin helg ♥ xoxo




 

 

Etter mykje prøving og feiling, så er endeleg videobloggen her! Herregud, vart så mykje meir styr enn eg trudde det kom til å bli, noke som forklarer kvifor den kom ut her seinare enn eg trudde/håpte. Men betre seint enn aldri (føler eg har brukt den phrasen oftare enn eg burde..). Mobilen min, som eg filmer med, bestemte seg for å gjere alt så godt som umogleg for meg, så måtte fram og tilbake mellom macen og mobilen mens filminga pågjekk. Skal dette bli ein vanleg greie, så burde eg nesten skaffe meg eit kamera eg kan bruke til vlogging. Sponsors, now is your time to shine! Neida. Men serr, må skaffe meg eit kamera som faktisk gjer jobben sin, haha. Så nokre av dykk som har forslag til kamera som passar godt til vlogging?

 

Men ja, visst eg skal begynne å videoblogge on the regular.. Så trur eg det kjem til å bli video sånn kvar 3. dag kanskje, for då har eg litt meir tid og materiale på å gjere ein skikkelig jobb enn berre halvveis, som eg følar videoen over vart. Men kom med konstruktiv kritikk! Veit eg ser ganske nervøs ut, men det er fordi eg er det (endå. Spent på å høyre kva dykk synst!). Også var det sjølvsagt så rart og så uvant å vere aleine med kamera og berre snakke til kameraet. Hadde heller ikkje noko manus for innlegget, så alt var improvisert. Noke som eg kanskje burde ha ungått.. Men men! Her er vertfall videoen og eg håper den faller i smak :-)

 

Ha ein super dag vidare!




 

Hallo frå sofaen! No har eg nettopp blitt ferdig med å sminke meg fordi om nokre få straksar skal eg - surprise, surprise - gå på matbutikken OG å videoblogge! Ikkje samtidig då, for det hadde kanskje blitt ein litt for brå start for min del.. Men dykk kan nok forvente at det blir posta ein video her i løpet av dei første 12 timane av døgnet som kjem. Er ganske spent på korleis det kjem til å bli, ettersom eg aldri har filma aleine til ein videoblogg før. Mathias kjem sjølvsagt til å vere med, men kjem til å bli litt alone-time også. No gjenstår det berre litt meir rydding, så er det klart!

 

 

Catch you on the flip-side!

 

GUYS, videoblog coming tomorrow! I'm so excited!
 

 




 

Burde snart nesten kalle desse innlegga for alle-andre-dagar-enn-mandag-music love. Men som dei seier - betre seint enn aldri!

 

 

Ah, har berre blitt gladare og gladare i Trickster Guru. Har snart lært meg teksten utanom!

 

Visst eg har fortstått dette riktig, så er ho jenta her ei venninne av Kylie Jenner! Trur eg har sett bilde av dei to saman på Instagram. Vakker stemme vertfall!

 

 

Så litt chill instrumental ♥

 


Det er også ein ganske brukbar remix av denne sangen, så om du er interessert, søk opp Here (Lucian Remix)!

 

 

Er kanskje litt seint ute med denne, men etter at ein av Arsenal-spelarane sa at denne sangen var favoritten hans for tida, så måtte eg berre høyre på den. Matoma ♥♥

 

Mathias er på jobb, så no blir det å rydde litt i leilegheita for å så lage middag slik at det er klart til han kjem heim. Er berre rettferdig at eg gjer det ettersom han har vore på jobb, synst eg. Ettersom det var tilbod på chicken-nuggets på Meny, så blir det det til middag! Dèt og pom fri. Ikkje så veldig sunt akkurat, men er snart helg, så er lov.




 

No har eg faktisk hatt ein legit grunn for at eg ikkje har vore noke aktiv her inne, og det er rett og slett fordi vi ikkje har hatt internett i leilegheita! Men no er nettet oppegåande and it's good to be back! Merker kor avhengig ein blir av å ha konstant tilgang til nett, men det var godt å bli tvingt til å vere vekke frå alt som heite sosiale medier over ein litt lenger periode, så no er eg klar til å gripe dagen og alt det der. 



 

Så her sitter eg med gårsdagens sminke på og med soveposer på ein slik størrelse som gjer at det ser ut som resultatet av å vere søvnløs i 100 år. Nesten vertfall. Håpar det fancy blå filteret gjer at eg ser litt mindre sleten ut enn det eg eigentleg er.. Ettersom eg har ganske mykje tid til overs før Mathias kjem heim frå jobb, så vurderer eg å ta opp italiensk igjen. Har gått heilt i gløymeboka (var jo ganske dreven på det for eit par månadar sidan og kunne nesten føre enkle samtalar på språket), men no er eg litt usikker på kva for eit nivå eg ligger på, haha. Skal bli kjekt å finne det ut! Ellers så kan eg også informere om at eg kjem til å prøve å få lagd ein videoblogg om overraskelsen som eg nemnte for nokre innlegg sidan ;-) Har lyst til å gjere mykje meir videoblogging framover, så då har dykk vertfall (kanskje) det å sjå fram til!

 

Ha ein suberb dag!

 

This time I have a valid excuse for not writing a thing on the blog. We've been without internet in our apartment for, well, just under a week. But now we got our internet back and it's been so good. Now I'm sitting in the livingroom with yesterday's make-up on and bags under my eyes. Other than that, I might be making a videoblog in the coming week!

 

- J




 



 

Så her ligger eg då. Sminkefri og klam. Dei siste par dagane har eg følt meg litt slappare og kjipare enn vanleg, og med tanke på at både influensa og omgangssjuka går rundt for tida, så fryktar eg det verste. Men eg får håpe immunforsvaret mitt står på som faen og at eg slepper unna å føle meg som ein gamal, fullstappa søppelsekk. Viktig å ha ein positiv attitude, som dei seier.

 

Og kva synst dykk om den nye headeren min? Valde å gå for namnet mitt istadenfor namnet på bloggen. Prøvde også å ha ein gullfarge - som eg synst eg traff ganske bra på, om eg kan sei det sjølv.  Men det er nok ikkje siste gang eg redigerer på akkurat denne headeren. The mind of the perfectionist is always at work, som dei også seie. No blir det å sjå meir på teikneserier/animasjonsfilmar, noko som eg alltid gjer når eg føler meg sjuk, slapp eller berre litt nedanfor. Hjelper alltid så mykje på humøret (og formen, utruleg nok) å sjå på noke teit og søtt og slikt. Dét, cola og chips.

 

 

I've felt kind of sick lately, so today I'm staying on the couch, wrapped in a quilt. And what do you think of my new header? This time it's my own name, instead of my blog's, which I must admit I like looking at. Especially the golden-ish-colour. I'll probably edit it a couple of more times before I'm completely satisfied, but it'll work for now. Now I'll go back to watching cartoons and animations, which always makes me feel better when I'm feeling sick. Have a lovely day!




 

I dag har vi begge hatt fri frå jobb, så vi sov heilt til klokka eitt. Då våkna vi, hoppe inn i kosekle og satte oss framfor pc'ane våre og sidan då har vi berre bevegd oss mellom sofaen og kaffimaskinen. Mathias er sjukt gira på ein fotballkamp mellom Arsenal og Barcelona og eg mistenker at han har prøvd å smitte engasjementet over på meg. Som ikkje har fungert, for å seie det sånn. Eller, eg håpar jo at Arsenal vinner og det blir nok ein spennande kamp å sjå på, men det er det.

 

Så til det som eg glemte/ikkje fekk tid til i går; monday music love! Vi får (igjen) late som om det er mandag, slik at eg kan poste dette innlegget utan å kjenne litt på samvittigheita.

 

 

Første sangen ut er faktisk ein som Mathias sa var verdt ein plass på lista! Noko som eg er heilt einig i. Logic er sjef!

 

 

Anbefale å søke opp sangen på YouTube, slik at dykk kan sjå acoustic versjonen av Problem Child med Christopher Chaplan, som er karen som skreiv sangen.

 


 

 

Er sikkert mange av dykk som har høyrd denne sangen før, men eg gjennoppdaga denne for nokre dagar sidan. Sidan då har eg lært meg sangteksten heilt utanom og "snakker" alltid med.

 

 

Men no er det på tide å lage pannekaker, slik at vi har noke godt å ete på mens vi ser på kampen. Go Arsenal!




 

Når ein har hatt ein del vakter på jobb i ein periode, og plutselig har fri i eit par dagar, då blir ein ganske rastlaus. Så så langt i dag, har eg sett alt av nytt på YouTube, støvsugd leilegheita, dusja, og tatt ein powenap (og det var mens eg såg på YouTube.. Multitasking!). No sitter eg eigentleg berre her og stirrer i veggen. Eg vurderer å prøve noko nytt med sminke, men skal ikkje noko spesielt i dag, så blir litt kjedelig å sminke meg fint og annerledes til ingen nytte. Mathias setter sikkert pris på det då! Blir det noke fint det eg ender opp med, så kjem eg til å dele det her.

Processed with VSCOcam with c1 preset  Processed with VSCOcam with f2 preset
bilete frå i fjor sommar.. Gleder meg til årets!
 

Så kva har dykk gjort på i dag? Spesielle planar for helga? Let me know! Ønsker dere uansett ein super helg! Og slik at dykk ikkje skal bli skuffa over mangelen av katter med tanke på at tittelen på innlegget er Caturday, here you go! A gif of a cute kitten and a dog!

 

 

- J

 

 




 

Eg trur eg aldri har opplever musikk på ein anna måte enn når eg høyre det frå senga klokka 4 om natta i mørket. Så - til morgonfuglane (eller alle fuglane, for den saks skuld. Fuglar som leser er jo berre flott! Hehe. Natthumor. Dette blei eitt litt langt parantes.. Lat oss fortsette!) som lese bloggen min, her har dykk ein sang som fekk meg til å glede meg til når eg skal stå opp og skal stå framfor speilet å sminke meg. Som er om nokre timar. Antalet er usikkert.

 

 
Så håpar eg dykk får ein super dag vidare! For meg blir det nok å legge meg no, slik at Mathias ikkje blir så skuffa når han ser at eg fortsatt sitter oppe når han skal til å reise på jobb.. Yikes!
 
 



Ettersom eg ikkje er ferdig før seint i dag og eg har god tid på toget, så tenkte eg å komme innom for å sei hei før eg starte dagens vakt på jobb. I innlegget som eg skreiv i går, så skreiv eg på slutten at Mathias og eg har ein liten overraskelse som eg kjem til å dele med dykk når mars begynner. Namitha vart heilt i ekstase nesten, ettersom ho først trudde nyheita var litt større enn den eigentleg er.. Vi fekk no ein god latter ut av det! Namitha, visst du lese ditta, du er berre så alt for skjønn! Haha. Men skjønner at eg kanskje la det opp til det.. Men men! Håpar dykk får ein kjempe fin dag og nyte den til det fulle. Snakkast!









⋅ WELCOME ⋅

My name is Julie Sørøy Horne (20 y/o). A melancholic girl born and raised on the west coast of Norway, but am now living in Oslo in search for what I want to do for the rest of my life - which I currently have no idea of. Enjoy!

Business contact:
jshblogg@gmail.com


Legg meg til som venn